Tom Erling sin guide

Tom Erling
Tom Erling
Tom Erling sin guide

Sightseeing

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge. I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbasert fiskeri. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk på Utvær. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen. Hausten 2018 var den nye 50-kronesetelen lansert med Utvær fyr som motiv.
Utvær Fyr

Forlatt, på ein liten holme utanfor Lågøy, ligg dei der; Lågøystolane. Steinkjempane som vart gløymd att av isen som låg over Solund for tusenvis av år sidan. Desse gjev eit særpreg i landskapet som ein ikkje finn andre stadar.
Lågøystolane

Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som Dronninga av øyriket. Om det er det faktum at fjellet er det nest høgste fjellet i kommunene som er opphavet til dronningnamnet, eller det at Dronning Sonja har gjentatte gonger besteget fjellet veit ingen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vedtlegaste øyane i Norge. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg. Turen tar Ca. 2-3 timar tur/retur.
Pollatinden

City advice

Don't miss

Øyhopping

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær. Postbåten ”Stjernsund” startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen! Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar.
Don't miss

Kystkulturpadling frå Hardbakke (3 timer)

Ein av dei beste måtane å oppleve Solund er frå kajakksetet. Ved å sjå Solund frå den same vinkelen som dei lokale fiskerane får du ei unik innsikt i kystkulturen, dyrelivet og geologien. Vi hjelper deg med å handtere kajakken og kan tilby utlån av utstyr. Denne turen har ingen krav om tidlegare kajakkerfaring og passar for alle. Familier og barn får turen til rabattert pris.